Kartlegging av sjøaureelvar i Etne kommune

Me ønskjer med dette å informera om at det i den næraste tida kjem konsulentar med fiskefagleg kompetanse for å utføra kartleggingsarbeid i nokre elvar.

Christian Engebretsen Pettersen

Informasjon til grunneigarar, fiskerettshavarar og andre

Vestland fylkeskommune har fått statleg tilskot for kartlegging av elvar med sjøaure i Etne kommune, som del av arbeidet med vassforvaltning i Sunnhordland Vassområde. 
Me ønskjer med dette å informera om at det i den næraste tida kjem konsulentar med fiskefagleg kompetanse for å utføra kartleggingsarbeidet, som gjeld følgjande elvar:

  • Lonsbekken ved Håfoss
  • Prestabekken i Etne
  • Melandselva på Sørstranda
  • Miljaelva og Valdraelva i Skånevik 
  • Sandvikselva, Skånevikstranda
  • Elv i Ytre Tungesvik og Indre Tungesvik
  • Elva  med utløp ved Kyrping camping

Mykje av arbeidet vil bli utført om lag som vist på fotoet, og vil i hovudsak gå føre seg i nedre del av elvane, opp til naturleg vandringshinder for sjøauren. Grunna gode vêrvarsel for arbeid i elvane dei komande dagane har me fått kort tid til å senda ut informasjon. Sluttrapport frå kartlegginga vil bli lagt ut når den er ferdig.