Kartleggingsarbeid kvikkleire
Synfaring gjennom heile kommunen, opp til 75 moh.
Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon
Etne kommune har sett i gong eit kartleggingsarbeid knytt til risiko for kvikkleire i kommunen, med mål om å snevre inn aktsemdsonene som i dag går i marin grense (75 moh.). Kvar dag denne veka (veke 47) vil ingeniørgeolog Thomas Austin Stormoen ved Sunnfjord Geo Center gjennomføre synfaringar for å bl.a. dokumentere fjell i dagen.
Har du spørsmål?
Mobil til Thomas: 464 86 028
Kontaktperson for prosjektet; Rådgjevar plan og miljø, Eileen: 5375 8229 / 97 17 20 75
Store delar av kommunen, og dei som bur her, er busette under marin grense som etter NVE sin rettleiar 1/2019 har trong for utgreiing før godkjenning av nye tiltak. Gjennom ei kartlegging ynskjer kommunen å danne eit betre grunnlag for å tillate/setje vilkår for nye tiltak og detaljplanar.
Resultatet frå kartleggingsarbeidet vil inngå i det pågåande arbeidet med kommuneplanen sin arealdel.