Kartverket på besøk!

Onsdag denne veka var Statens kartverk på besøk. Heile Bergenskontoret tok turen til Etne for å dele av sin kunnskap og erfaring, ris og ros. Kartverket har heile 250 års jubileum i år, og kunne mellom anna vise til historiske kart over vår kommune, nokre heilt tilbake til 1700-talet.

Folk frå kartverket i kommunestyresalen - Klikk for stort bilde Kristine Ebne

Statens kartverk samlar inn, systematiserer, forvaltar og vidareformidlar offentleg geografisk informasjon. Dette greier dei ikkje åleine, og kommunen bidrar til ein god del av informasjonen som skal liggje tilgjengeleg i digitale kart. Dei tilsette i kommunen forvaltar digital kartinformasjon i ei kvar sak som kjem inn; landbruksinformasjon gjennom arealressurskarta, matrikkelinformasjon for frådeling og oppretting av nye eigedomar, kart over innmeldte og ferdigstilte bygningar, kartfesting av arealplanar for digital ajourføring. Dette er berre ein brøkdel av arbeidet som skal til for at me skal ha eit best mogeleg verktøy for framtidig planlegging, vern og tiltak i kommunen vår.

Kartverket var strålande nøgde med godt oppmøte og engasjement denne dagen. 

Interessert i historiske kart? 

Kartverket har ei eiga side der du kan finne historiske kart (trykk på lenka, søk opp Etne kommune og bruk filteret i høgre hjørne): Historiske kart - Kartverket

Gammalt kart - Klikk for stort bilde