Kjære barn og unge, foreldre og føresette

Velkomen til eit nytt og spennande barnehage- og skuleår!

Me håpar de har hatt ein god sommar, og at både små og store er klare for nye dagar fylt med leik, læring, opplevingar og fellesskap. I barnehagane og skulane våre står dyktige og engasjerte tilsette klare til å ta imot dykk – både dei som kjem for aller første gong, og dei som kjenner seg godt heime frå før.

Gjennom året skal me saman skapa trygge og utviklande kvardagar. I år vil alle bli endå betre kjende med treet de ser på biletet nedanfor – det symboliserer verdiane våre og arbeidet me står saman om:
Grenser + forventningar = god oppvekst.
Når barn og unge møter trygge vaksne, heime og i einingane, som stiller tydelege krav og viser varme, legg me grunnlaget for læring, trivsel og meistring.

For å sikra god kommunikasjon og ein trygg kvardag for barna, vil me minna om at alle meldingar mellom heim og barnehage/skule skal gå via dei digitale meldingssystema:
Visma Flyt Barnehage og Visma Flyt Skule.
Meldingane blir lesne og svara på når det er rom for det, men ikkje medan dei tilsette er saman med borna og elevane – då skal fokuset vera på leik og læring. Me vil også minna om at dersom det er noko du treng å ta opp, ber me om at du tek kontakt og avtalar eit møte. På den måten får me lagt til rette for ein god dialog, utan å forstyrra borna sin kvardag.

Me jobbar òg for at tilsette skal ha moglegheit til å skilja mellom jobb og fritid. Om du har behov for å ta kontakt med skulen om noko som ikkje kan takast gjennom melding, ber me om at du gjer det innan kl. 16.30. Etter dette vil me at dei tilsette skal få bruke tida si til kvile og familie – slik at dei kan møta borna med ny energi neste dag.

Takk for at de bidreg til å skapa ein god kvardag for borna våre – og takk for samarbeidet me skal ha dette året. Me gler oss til å koma i gang!

Med ynskje om eit godt barnehage- og skuleår!

Dekorativt - Klikk for stort bilde

Med vennleg helsing 
Mona Rasmussen Sævik
Kommunalsjef oppvekst og kultur