Kjekke dagar på Etnemarknaden!
Det var god stemning og mykje folk innom kommunen sin stand under Etnemarknaden i helga. Me set stor pris på å treffa så mange engasjerte innbyggarar og besøkande – og ikkje minst få gode innspel og tankar om kommunen vår. Desse tek me med oss vidare i arbeidet vårt!
Rundt 200 personar deltok på quizen vår, som handla om Etne kommune, den nye tilflyttartenesta og eigenberedskap. Det var mykje kunnskap og interesse blant deltakarane, og me håpar quizen både gav litt læring og var kjekk å delta på.
Kjekt på Etnemarknaden!
Foto: Hilde Selland Winterthun
To av spørsmåla viste seg å vera litt ekstra vriene:
– Kor mange innbyggarar har Etne kommune?
– Kor mange døgn bør ein ha eigenberedskap for, jamfør DSB?
Det er ikkje alltid lett å hugse slikt på ståande fot! Svara er at ein bør vere førebudd på å klare seg sjølv i minst 7 døgn. Når det gjeld folketalet i Etne kommune, er det no litt over 4 000 innbyggarar.
Gratulera til Lillian Kristin Nordbø som er vinnar av Quizen! Ho er kontakta av kommunen.
Takk til alle som tok turen innom – me gler oss til neste gong.