Kokevarsel

På grunn av kraftig regn er det mykje farge i råvatnet til Etnesjøen vassverk.

Vassproduksjonen har vore stansa, men me er no nøydde til å starte produksjonen att. Vi kan likevel ikkje garantere at vatnet blir tilstrekkeleg desinfisert.

Alle abonnentar må derfor koke vatnet før det blir drukke eller brukt til matlaging.

Vatnet kan ha farge og vere uklårt.

Det vil bli teke vassprøver for å kontrollere vasskvaliteten. Me sender ut ei ny melding så snart situasjonen er endra og kokevarselet kan opphevast.

Me ber samtidig alle abonnentar om å redusere vassforbruket til det absolutt nausynte inntil vidare.

Er din kontaktinfo riktig?

For privatpersonar hentar Varsling 24 kontaktinformasjon frå det nasjonale kontaktregisteret. 
For bedrifter blir kontaktinformasjon henta frå enkeltregisteret.
Er din kontaktinfo riktig? Du kan sjekke og eventuelt legge inn tilleggsadresse her: varslemeg.no