Kommentar til artikkelen «Stor frustrasjon etter ope møte» i Grannar 03.04.2025

Me viser til artikkelen «Stor frustrasjon etter ope møte» som stod på trykk i Grannar 03.04.2025. Då det har kome fram faktafeil i artikkelen, har redaktøren i Grannar bekrefta at det vil bli gjort rettingar etter tilbakemelding frå administrasjonen i kommunen.

Administrasjonen ønskjer likevel å nytte høvet til å kommentere enkelte påstandar knytt til omorganiseringa av heimetenestene i kommunen.

Det blir i artikkelen hevda at alle tilsette i den nye heimetenesta har fast oppmøteplass i Etne. Dette stemmer ikkje med dei planlagde køyrerutene per i dag. Etter omorganiseringa til ei samla avdeling for heimetenester, er det berre éi køyrerute i heimesjukepleien som har endra oppstartsstad – frå Skånevik til Etne. Når det gjeld heimehjelpstenesta, har ein framleis køyreruter med oppstart i både Etne og Skånevik, avhengig av behov.

Det blir òg hevda at tilsette først må køyre til Etne før dei kan køyre tilbake til Skånevik. Dette stemmer ikkje. Ingen av dei planlagde køyrerutene i heimesjukepleien har i dag oppstart i Etne med retur til Skånevik. Køyrerutene skal vere fleksible, og det er brukarane sine behov som styrer korleis oppdrag- og køyrelister blir organisert.

Når det gjeld informasjon til brukarar og pårørande, ser me i etterkant at denne kunne vore betre. Informasjonsskriv vart sendt ut 7. februar til dei som i våre system er registrert som næraste pårørande. Det kan hende at enkelte pårørande ikkje har mottatt informasjon, dersom dei ikkje er definerte som næraste pårørande. Me oppmodar difor dei som har mottatt informasjon om å dele denne vidare med resten av familien/pårørande der det er aktuelt.

Alle omorganiseringar krev ei viss tid for tilpassing og justering. Vårt mål er å sikre god kvalitet i tenestene og redusere sårbarheita ved fråvær blant tilsette, slik at me kan levera dei tenestene innbyggarane våre har krav på. Omorganiseringa skal ikkje gå utover tenesteleveransen, men som brukar kan det hende ein møter nye tilsette ein ikkje har møtt før. Me håpar de tek godt imot dei og ber om tilbakemelding dersom det er noko de lurer på.

Har de spørsmål til administrasjonen, så kan du ta kontakt med kommunalsjef for helse og omsorg, Hilde Selland Winterthun på epost: post@etne.kommune.no eller telefon 47286539

Er de pårørande eller brukar,  og lurer på noko? Ta kontakt med einingsleiar for pleie og omsorg, Eva Jemli på epost: post@etne.kommune.no eller telefon 46682721