Kommunalt aktivitetstilskot (tidl. driftstilskot) til frivillige organisasjonar

Kvart år kan eit stort utval frivillige lag og organisasjonar søkja Etne kommune og tilskot til arbeidet sitt. Tilskotet skal stimulera til frivillig aktivitet som fremjar fellesskap, folkehelse og meistring med særleg vekt på barn og unge. Nå er det tid for å søkja tilskot for 2026, søknadsfristen er 15. april.

Dekorativt - Klikk for stort bilde Illustrasjon: ChatGPT

Nye retningsliner for kommunalt tilskot til frivillige organisasjonar var på høyring i haust, og gjeld frå søknadsåret 2026.  Me kallar det nå Aktivitetstilskot for å motivera til og støtta faste aktivitetstilbod, særleg for aldersgruppa 0-24 år. I dei reviderte retningslinene blir det stilt krav om fast aktivitet, og faste gratistilbod som ikkje krev medlemsskap kan nå få tilskot. 

Me oppmodar alle lag og organisasjonar til å setja seg inn i dei nye retningslinene! Enkelte lag som tidlegare har motteke tilskot, må kanskje gjera tiltak for å kunna behalda dette eller søkja i ein annan kategori. Andre, som ikkje har fått tilskot tidlegare, kan kanskje nå vera kvalifiserte til å søkja tilskot til aktivitet.

Kvar kategori har ein fordelingsnøkkel med to-delt tilskot: Utrekningsmodellen gir eit likt grunnbeløp til kvart lag innanfor dei ulike kategoriane, og resten av tilskotet blir berekna ut frå talet registrerte medlemmer/faste deltakarar året før. Utrekninga gir utgangspunktet for endeleg og fordeling med skjønsmessige vurderingar.

Informasjon og søknadsskjema