Kommunestyret i Etne er no kursa i demensvennleg samfunn!
Som eit viktig steg på vegen mot å bli ein demensvennleg kommune, har både kommunen og frivillige gått saman om å auka kunnskapen om demens.
Frå venstre: Eline Heggen Mæland, Sigrid Bøthun og Hanne Gravelsæter Øvernes.Starten på året 2025 fekk me i Pleie- og omsorg tilsendt eit mandat på bakgrunn av eit budsjettvedtak for dette året kor føremålet er at Etne kommune skal bli eit demensvennleg samfunn. Formålet er at innbyggjarane våre skal leva eit sjølvstendig liv og vera aktive så lenge som mogleg. Auka kompetansen i service og næring vil gi ein lettare kvardag for personar med demens med auka respekt og forståing.
Det vil vera lettare å nytta seg av til dømes handel, transport og kulturarrangement. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe beståande av kommunalt tilsette og frivillige. Frå kommunen er det demenskoordinator Hanne Gravelsæter Øvernes, leiar for somatisk institusjon Anita Gravelsæter og prosjektleiar Eline Heggen Mæland som er leiar for institusjon og demensomsorg. Frå frivillige er det to representantar frå Skånevik Helselag, Sigrid Bøthun og Randi Marie Vannes.
Det vart signering på avtale mellom kommunen og nasjonalforeninga for folkehelse. Gruppa starta kartlegging av service- og næringslivet i kommunen og me laga oss ei prioriteringsliste og sette oss mål for året 2025. Det er mange å nå gjennom i kommunen vår. Prioriteringa vert sett til handel og service i Etne og Skånevik sentrum. Me er godt i gang med prosjektet og no startar snart sertifiseringar for dei bedriftene som har gjennomført kurs. Det var også viktig for gruppa å kursa kommunestyret som har vedteke at kommunen vår skal bli demensvennleg.
Publisert 29.10.2025 10:13
Sist endret 29.10.2025 10:14