Kongeparet kjem på besøk til Etne!
Det er med stor glede Etne kommune kan kunngjere at Hans Majestet Kongen og Hennes Majestet Dronningen startar årets fylkestur i Etne tysdag 26. mai 2026.
Deres Majesteter Kong Harald og Dronning Sonja.
Kimm Saatvedt, Det kongelege slott
Kommunen er ein av dei siste i landet kongeparet enno ikkje har besøkt offisielt, og markeringa blir ei viktig hending.
Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim uttrykkjer stor glede over kunngjeringa:
– Dette er ein utruleg kjekk nyheit, og me gledar oss til å kunne ynskje kongen velkommen til den vakre kommunen vår. Det er nokre få som har kjent til besøket ei stund, og me har gleda oss veldig til dette vert publisert. No startar arbeidet med å lage programmet for dagen til det som skal bli ein skikkeleg folkefest i Etne.
Fylkesturen går vidare til Samnanger og Vaksdal dagen etter, før han blir avslutta i Askvoll 28. mai. Kongeskipet Norge vil bli nytta under heile besøket.
Me gler oss!
Publisert 22.01.2026 10:59
Sist endret 22.01.2026 10:59