Korleis vil du møte alderdommen?

Alderen kjem ikkje aleine! Har du ein plan? Open temadag på Etne omsorgssenter tysdag 4. mars kl. 13.00-15.30.

Illustrasjon av eldre som dansar - Klikk for stort bilde

Fysioterapi- og ergoterapiavdelinga i Etne kommune saman med eldrerådet i kommunen inviterer til open temadag om det å bli eldre i Etne kommune.

  • Du vil få oppdatert kunnskap om kva som skal til for å halde deg i form og ta vare på helsa di når du vert eldre.
  • Du vil få informasjon om dei ulike helsetilboda kommunen har for å hjelpe deg.
  • Du vil få vite meir om kva du må førebu deg på for å kunne bu i eigen heim så lenge som mogeleg.
  • Du vil få informasjon om kommunen sine planar for tilrettelegging av bumiljø.  
Bakhovudet til eldre dame og mann - Klikk for stort bilde

Gratis inngang.

Det vert sal av kaffi og lappar i pausen.

Alle som vil er velkommen!