Koronavaksine

Her finn du kontaktinformasjon og status for vaksinering i Etne.

 

KORT FORTALT

Dersom du ønskjer vaksine:

Kontakt oss på vaksinetelefonen 91344955 gjerne på SMS eller epost: koronavaksine@etne.kommune.no

Vaksinetelefonen er no betjent måndag, torsdag og fredag kl. 08.30 - 10.00. 

Vaksinering skjer fredagar i Etne kl. 08.30-11.30.

 

Nytt: Oppfriskingsdose til dei over 80 år

Ekstra tilbod om oppfriskingsdose til dei over 80 år som har tre dosar og ikkje hatt korona.
Oppfriskningsdose med koronavaksine - FHI

 

Koronavaksine for barn og unge

Etne kommune fylgjer nasjonale anbefalingar CDC on Unsplash

 

 

 

Personar med alvorleg svekka immunforsvar - 4. dose

Personar med alvorleg svekka immunforsvar grunna sjukdom eller bruk av immundempande medisinar har generelt dårlegare respons på vaksiner samanlikna med friske personar. I tillegg har desse pasientgruppene høgare risiko for å bli alvorleg sjuke dersom dei blir smitta med koronaviruset og er derfor anbefalt ein ekstra tredje vaksinedose i sin grunnvaksinasjon. Alle skal ha fått tilbod om dette hausten 2021. For denne gruppa blir oppfriskningsdosen dose nummer 4.

Det skal gå 12 veker mellom dose 3. og dose 4. i denne gruppa.

Kven gjeld dette for?

  • Alle som brukar immundempande behandling (siste 2 åra) lista opp på denne medisinlista: medikamentliste_130921v3.pdf - Legeforeningen.no bør ta kontakt med vaksinekontoret for å få time til 4. dose.
  • Organtransplanterte
  • Beinmargstransplantasjon siste 2 åra, eller ein pågåande graft versus host- sjukdom som krev immunsuppresjon etter ei vurdering av behandlande sjukehusspesialist
  • Alvorleg og moderat primær immunsvikt
  • Aktiv dialysebehandling
  • Pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5
  • Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon

For meir informasjon sjå: 
Personer med alvorlig svekket immunforsvar bør ta oppfriskningsdose (4. dose) - FHI 

Reise til utlandet

Les meir her