Kultur- og frivilligprisen 2021 til Solveig Sørheim

Det var fleire verdige kandidatar til denne prisen i år. Me har mange dyktige og gode folk innanfor både frivillig arbeid og kultur i Etne kommune.

 

Øyvind Hjelmen

  

Etter grundig gjennomgang av kandidatane, vart Driftsutvalet si samla vurdering at Solveig Sørheim skulle tildelast Kultur- og frivilligprisen 2021.

Solveig har hatt eit ønske som utøvande musikar å formidla songar frå Etne på konsertane ho held. Ho oppdaga at desse songane skulle vore meir tilgjengelege. Då bestemte ho seg for å samla alle tonane og skriva dei ned, slik at songskattane lett kan hentast fram av alle. Slik blei då boka hennar “DI GAMLE SONGADNE, folk og musikktradisjon i Etne” til. Med god hjelp har ho samla saman gamle songar og musikktradisjonar ifrå Etne og Skånevik.  Ho har gått gjennom store mengder material, der ho har rydda, kategorisert og reinskrive. Dette har ho samla saman til ei bok, slik at me ivaretar lokalhistoria, og får vidareført den. Alt dette materialet kunne gått tapt med den eldre generasjonen.   

Me er glad for at me har slike eldsjeler i Etne kommune, som står på for å ivareta og vidareformidle vår lokalhistorie.   

Renate Sævareid
leiar i Driftsutvalet