Kunngjering av ny samfunnsdel for Etne kommune

Kommunestyret har i sak 71/26 i møte 27.10.2026 endeleg godkjent ny samfunnsdel for Etne kommune, jf. plan- og bygningslova § 11-15. 

Framsida av samfunnsdelen - Klikk for stort bilde

Kva er ein samfunnsdel? Av plan- og bygningslova § 11-1 går det fram at kommunen skal ha ein samla kommuneplan som består av ein samfunnsdel med handlingsdel og ein arealdel. 

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. 

Ta gjerne ein kikk i den nye samfunnsdelen vår - Kommuneplanen sin samfunnsdel 2026-2036