Kunngjering - Vedtak i namnesak 2015/16 del 2 – Kvangernut med fleire i Etne

Statens kartverk har 14.12.2023 gjort vedtak om skrivemåten av fleire stadnamn i Etne kommune slik det går fram av den vedlagde lista.

Fjord og fjell - Klikk for stort bilde Espen Mills
Fjord og fjell - Klikk for stort bilde

Vedtaket er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn.

Klage 

Vedtak om skrivemåten kan etter § 12 i lov om stadnamn påklagast av dei som etter § 6 bokstav a til c har rett til å taka opp saker om skrivemåten av stadnamn. Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er komen fram til mottakaren, jf. § 9 i forskrift om stadnamn. Dersom meldinga skjer med offentleg kunngjering, tek klagefristen til frå den dagen vedtaket blir kunngjort fyrste gongen. Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta, som er arkiverte hjå vedtaksorganet. Det er høve til å søkje om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.
Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket  (Sak/dok: 08/05068-99 og Ark: 326.12) med kopi til kommunen. 
Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtala alle namn eller namneledd klaga gjeld.
Når ein tek opp ei klagesak, gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker for endeleg vedtak.

Informasjon om stadnamn 

Statens kartverk, stadnamn

Namneliste 2015-16

Oppslags-

nr.

Vedtak

Namne-

objekt

Merknader
914199Kvangernut

Fjell

(1091 moh.)

Uttale: I SSR er uttala /kvang´ernu:t/ registrert. Eva Bjelland Kaada skriv i eit e-brev frå 2019 at uttala er med ubunden form, og Sveinung Bjelland frå garden Bjelland stadfestar dette overfor Språkrådet.

Skrifttradisjon: Kvandernut (gradteigsmåling 1920); Kvanndalsnut (gradteigskart 1923; N50 1952, 1976); Kvanndalsnuten (trianguleringspunkt i ØK 1967; N50 1988, 1995, 2003, 2011). I kartet til Gunnar Bjelland står Kvangernut. Leif Andenes skriv au namnet Kvangernut i Etne sogelag si årbok frå 2003 (s. 5).

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet skriv at opphavet til Kvangernut er uvisst, men at kvann(e)grø n. ‘stad der det veks mykje kvann’ er ei moglegheit. Sidan opphavet er ukjent, meiner Språkrådet det er mest rimeleg å leggje skrivemåten nær uttala, og dei tilrår dermed skrivemåten Kvangernut.

Vurdering: Ut ifrå dei lokale opplysningane ser det ut til at det er Kvangernut som er det korrekte namnet på denne nuten, som ligg aust for Kvanndalselva. Det er eit trianguleringspunkt oppå nuten som har namnet Kvanndalsnuten, men dette er nok eit feilplassert namn. Det er nemleg ein annan nut vest for Kvanndalselva som heiter Kvanndalsnuten. Som Språkrådet skriv, er opphavet til Kvanger- uvisst, og skrivemåten bør dermed fylgje uttala. Sidan uttala av namnet er med ubunden form, bør skrivemåten au ha dette. Kartverket vedtek skrivemåten Kvangernut i samsvar med den nedervde lokale uttala, Språkrådet si tilråding og dei lokale opplysningane. Kvanndalsnuten blir avslege som namneval på denne nuten (1091 moh.).

368228SkorafjelletBerg

Uttale: Ingen opplysningar, men i brevet frå 2008 skriv Gunnar Bjelland at det korrekte namnet er Skorafjellet, ikkje Eintveitsåta/Intveitsåta. Det same skriv Eva Bjelland Kaada i eit e-brev frå 2019, og ho påpeikar samstundes at namnet er plassert på Bjelland si side av grenseåa mellom Bjelland og Eintveit.

Skrifttradisjon: Eintveitsåta (trianguleringspunkt i ØK 1967); Intveitsåta (N50 1988, 1995, 2003, 2011).

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Skorafjellet.

Vurdering: Namnet Eintveitsåta har truleg kome inn i N50 fordi det stod som namn på eit trianguleringspunkt i ØK. Dei lokale opplysningane tilseier at dette ikkje er korrekt namn på berget. I Skorafjellet må fyrsteleddet vera skor(e) f. ‘flate under berg’ eller ‘hakk, skard’. I punkt 6 i dei utfyllande reglane står det at ein bør nytte den samansetjingsmåten som samsvarar med dialektuttala, og i Etne forventar ein Skora-, nett slik Bjelland har skrive namnet. Kartverket vedtek skrivemåten Skorafjellet i samsvar med Språkrådet si tilråding, norsk rettskriving og dei lokale opplysningane. Eintveitsåta/Intveitsåta blir avslege som namneval.

468021TerneryggenRygg

Uttale: I ein telefonsamtale med Øystein Eljervik frå garden Eljarvik fekk me oppgjeve uttala /2te:dnerygjen/. Namnet sa han kjem av fuglen terne.

Skrifttradisjon: Tenneryggen (sjøkart 1955). Berga like ved er førte opp som Terneberga i SSR, og denne skrivemåten kjem frå ØK (1967).

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Terneryggen.

Vurdering: Som Eljervik seier, må namnet koma av fuglen. Normeringspraksis på Vestlandet er at ein skriv dn for rn som rn. Kartverket vedtek skrivemåten Terneryggen i samsvar med den nedervde lokale uttala, Språkrådet si tilråding og norsk rettskriving.

114385SlåttenesNes i sjø

Uttale: Sveinung Bjelland frå garden Bjelland har oppgjeve at namnet blir uttala med ubunden form til Språkrådet.

Skrifttradisjon: I kartet til Gunnar Bjelland står Slåttenes. Leif Andenes nemner Slåttenes i årboka til Etne sogelag frå 2003 (s. 6).

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Slåttenes.

Vurdering: Dersom uttala er med ubunden form, bør au skrivemåten ha dette, jf. punkt 2 i dei utfyllande reglane. Kartverket vedtek skrivemåten Slåttenes i samsvar med Språkrådet si tilråding, norsk rettskriving og dei lokale opplysningane.

842356EintveitnesNes i sjø

Uttale: I ei skulebornoppskrift frå 1931 er Eintveitnes ført opp under Intveit.

Skrifttradisjon: I kartet til Gunnar Bjelland står Eintveitnes.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet skriv at Eintveitneset er tilrådeleg.

Vurdering: Vurderinga gjeld berre sisteleddet. Kartverket vedtek skrivemåten Eintveitnes i samsvar med dei lokale opplysningane.

963269KvernavikaVik i sjø

Uttale: Ifylgje Språkrådet oppgjev Sveinung Bjelland frå garden Bjelland og Svein Magne Djuve frå nabogarden Djuve uttala Kvednavikjo. I ei skulebornoppskrift frå 1931 er Kvednaviki ført opp under Intveit.

Skrifttradisjon: I kartet til Gunnar Bjelland står Kvernevik.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Kvernavika.

Vurdering: Sidan uttala er med bunden form, bør au skrivemåten ha dette. Når det gjeld fyrsteleddet, er kvern eit ålment kjent ord som bør fylgje rettskrivinga. Normeringspraksisen på Vestlandet er dessutan at ein skriv dn for rn som rn. Dette er i samsvar med skrivemåten Gunnar Bjelland fører opp. På same måte er vik eit ålment kjent ord, og normeringspraksisen er at linne hokjønnsord får endinga -a. Kartverket vedtek skrivemåten Kvernavika i samsvar med den nedervde lokale uttala, Språkrådet si tilråding og norsk rettskriving.

538248KlatreStein

Uttale: Ingen opplysningar. I brevet frå 2008 skriv Gunnar Bjelland namnet Klatre, og namnet skal koma av at steinen heng i ei bergkløft opp frå sjøen, slik at det ser ut som at han har klatra opp dit. Steinen skal ha markert kor bytelina mellom Bjelland og Strond gjekk i sjøen.

Skrifttradisjon: Ingen.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Klatre.

Vurdering: Kartverket vedtek skrivemåten Klatre i samsvar med Språkrådet si tilråding, norsk rettskriving og den lokale opplysninga.

356255GjeletJuv

Uttale: Ingen opplysningar.

Skrifttradisjon: I kartet til Gunnar Bjelland står Gjelet.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Gjelet.

Vurdering: Kartverket vedtek skrivemåten Gjelet i samsvar med Språkrådet si tilråding, norsk rettskriving og den lokale opplysninga.

235260NutenHøgde

Uttale: Ingen opplysningar.

Skrifttradisjon: I kartet til Gunnar Bjelland står Nuten.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Nuten.

Vurdering: Kartverket vedtek skrivemåten Nuten i samsvar med Språkrådet si tilråding, norsk rettskriving og den lokale opplysninga.

296215RundenutenHøgde

Uttale: Ingen opplysningar.

Skrifttradisjon: I kartet til Gunnar Bjelland står Rundenuten.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Rundenuten.

Vurdering: Kartverket vedtek skrivemåten Rundenuten i samsvar med Språkrådet si tilråding, norsk rettskriving og den lokale opplysninga.

114251VassnutHøgde

Uttale: Sveinung Bjelland frå garden Bjelland oppgjev at uttala er med ubunden form til Språkrådet.

Skrifttradisjon: I kartet til Gunnar Bjelland står Vassnut.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Vassnut.

Vurdering: Dersom uttala er med ubunden form, bør au skrivemåten ha dette. Kartverket vedtek skrivemåten Vassnut i samsvar med Språkrådet si tilråding, norsk rettskriving og dei lokale opplysningane.

356316GrovaneHøgde

Uttale: Sveinung Bjelland frå garden Bjelland har oppgjeve uttala Grovane etter eldre Grovadn(e) til Språkrådet. I ei skulebornoppskrift frå 1931 er Grovane ført opp under Hamarsland.

Skrifttradisjon: I kartet til Gunnar Bjelland står Grovane.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Grovane.

Vurdering: Namnet må koma av gróv f. og siktar vel til dei to bekkefara som renn ned frå toppartiet. Punkt 4.3.1 opnar for at -ane kan nyttast når det samsvarar med dialektuttala.

Kartverket vedtek skrivemåten Grovane i samsvar med den nedervde lokale uttala og Språkrådet si tilråding.

114318KvigedalenDal

Uttale: I eit e-brev til Kartverket frå 2023 skriv Eva Bjelland Kaada at uttala er Kvigedalen. Dette har ho fått stadfesta frå generasjonen som voks opp på Bjelland.

Skrifttradisjon: I kartet fremst i Røyster som tagna (2006) av Gunnar Bjelland står Kvigedal, men i årboka til Etne sogelag frå 1998 (s. 52) skriv han Kvigedalen.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Kvigedalen.

Vurdering: Sidan uttala er med bunden form, bør au skrivemåten ha dette. Kartverket vedtek skrivemåten Kvigedalen i samsvar med den nedervde lokale uttala, Språkrådet si tilråding og norsk rettskriving.

104028BjellandsnesNes i sjø

Uttale: Eva Bjelland Kaada skriv i eit e-brev til Kartverket at uttala er med ubunden form. Sveinung Bjelland frå garden Bjelland stadfestar dette for Språkrådet.

Skrifttradisjon: Bjellandsnes (sjøkart 1955); Bjellandsneset (Den norske los bd. 3, 2012, s. 212; sjøkart 2015). I kartet til Gunnar Bjelland står Bjellandsnes, men han nyttar både Bjellandsnes og Bjellandsneset i Røyster som tagna (2006). I Glimesteinar: bok om Åkrafjorden (2014) står berre Bjellandsnes. Endre Heggen skriv Bjellandsnes i årboka til Etne sogelag frå 1997 (s. 14).

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Bjellandsnes.

Vurdering: Dette namnet var opphavleg ikkje med i saka, men me tek det inn sidan me har fått tilråding om skrivemåten. Vurderinga gjeld berre sisteleddet. Som ein ser, blir både -nes og -neset bruka. Men om uttala er med ubunden form, bør au skrivemåten ha dette. Kartverket vedtek skrivemåten Bjellandsnes i samsvar med Språkrådet si tilråding, norsk rettskriving og dei lokale opplysningane.

721285Heimste Bjellands-dalenDal

Uttale: Ingen opplysningar.

Skrifttradisjon: I kartet til Gunnar Bjelland står Heimste Bjellandsdalen.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Heimste Bjellands-.

Vurdering: Kartverket vedtek skrivemåten Heimste Bjellandsdalen i samsvar med Språkrådet si tilråding, norsk rettskriving og den lokale opplysninga.

235325Nordste Bjellands-dalenDal

Uttale: Ingen opplysningar.

Skrifttradisjon: I kartet til Bjelland står Nordste Bjellandsdalen.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Nordste Bjellands-.

Vurdering: Rettskrivingsforma av Nordste er Nørdste. Det er likevel fleire vedtekne namn i Vestland med Nordste som retningsledd. Kartverket vedtek skrivemåten Nordste Bjellandsdalen i samsvar med Språkrådet si tilråding og den lokale opplysninga.

660317Uraskars-vatnetVatn

Uttale: I ei skulebornoppskrift frå 1931 er Uraskar ført opp under Intveit.

Skrifttradisjon: I kartet til Gunnar Bjelland står Uraskarsvatnet.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Uraskarsvatnet.

Vurdering: Kartverket vedtek skrivemåten Uraskarsvatnet i samsvar med Språkrådet si tilråding, norsk rettskriving og dei lokale opplysningane.

903301SvartavatnetVatn

Uttale: Ingen opplysningar.

Skrifttradisjon: I kartet til Gunnar Bjelland står Svartavatnet.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Svartavatnet.

Vurdering: Kartverket vedtek skrivemåten Svartavatnet i samsvar med Språkrådet si tilråding, norsk rettskriving og den lokale opplysninga.

660315Gamlestøls-nutenHøgde

Uttale: I ei skulebornoppskrift frå 1931 er Gamlestølsnuten ført opp under Gjuve.

Skrifttradisjon: I kartet til Gunnar Bjelland står Gamlestølsnuten.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Gamlestølsnuten.

Vurdering: Kartverket vedtek skrivemåten Gamlestølsnuten i samsvar med Språkrådet si tilråding, norsk rettskriving og dei lokale opplysningane.

53304EikemolandetStrand i sjø

Uttale: Ingen opplysningar.

Skrifttradisjon: Eikemoland (En vandrers testamente: fortellinger fra Åkrafjorden i tid og utid, 1993, s. 12). I kartet til Gunnar Bjelland står Eikemolandet. I Glimesteinar: bok om Åkrafjorden (2014) er namnet stort sett skrive Eikemoland, men Martha Eikemo, som vaks opp på Eikemo, skriv namnet Eikemolandet.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet skriv at Eikemolandet er tilrådeleg.

Vurdering: Vurderinga gjeld berre sisteleddet. Namnet førekjem med både bunden og ubunden form, men ein ventar bunden form når tydinga av land er ‘område der land grensar mot hav’. Me vel difor å leggje vekt på skrivemåten Bjelland og Eikemo nyttar. Kartverket vedtek skrivemåten Eikemolandet i samsvar med Språkrådet si tilråding.

772038Kvanndals-nesetNes i sjø

Uttale: Ingen opplysningar.

Skrifttradisjon: Kvanndalsneset (sjøkart 1955, 2015); Kvandalsneset (Skåneviksoga bd. 2, 1984, s. 358). I kartet til Gunnar Bjelland står Kvandalsnes, men han nyttar Kvandalsneset i Røyster som tagna (2006).

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Kvanndalsneset.

Vurdering: Dette namnet var opphavleg ikkje med i saka, men me tek det inn sidan me har fått tilråding om skrivemåten. Det meste tyder på at namnet har bunden form. Fyrsteleddet må skrivast i samsvar med primærnamnet Kvanndal (gard 87), og i SSR er den einaste skrivemåten av dette namnet Kvanndal. Fyrsteleddet er planta kvann(e) m./f., og Kvann- fylgjer slik sett rettskrivinga. Kartverket vedtek skrivemåten Kvanndalsneset i samsvar med skrifttradisjonen, Språkrådet si tilråding og norsk rettskriving.

650018LyngnesNes i sjø

Uttale: Sveinung Bjelland frå garden Bjelland oppgjev at uttala er med ubunden form til Språkrådet. I ei skulebornoppskrift frå 1931 er Lyngnes og Løngnes førte opp under Gjuve.

Skrifttradisjon: Lyngnes (sjøkart 1955, 2015). Denne skrivemåten blir au bruka av Sigmund J. Lundal i Glimesteinar: bok om Åkrafjorden (2014, s. 348). I kartet til Gunnar Bjelland står Lyngnes.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Lyngnes.

Vurdering: Dette namnet var opphavleg ikkje med i saka, men me tek det inn sidan me har fått tilråding om skrivemåten. Kartverket vedtek skrivemåten Lyngnes i samsvar med skrifttradisjonen, Språkrådet si tilråding, norsk rettskriving og dei lokale opplysningane.

711033RøytenesNes i sjø

Uttale: Sveinung Bjelland frå garden Bjelland oppgjev at uttala er med ubunden form til Språkrådet.

Skrifttradisjon: Røyteneset (sjøkart 1955, 2015). I kartet til Gunnar Bjelland står Røytenes.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Røytenes.

Vurdering: Dette namnet var opphavleg ikkje med i saka, men me tek det inn sidan me har fått tilråding om skrivemåten. Dersom uttala er med ubunden form, bør au skrivemåten ha dette. Kartverket vedtek skrivemåten Røytenes i samsvar med Språkrådet si tilråding og dei lokale opplysningane.

954027TeiganesNes i sjø

Uttale: Sveinung Bjelland frå garden Bjelland oppgjev at uttala er med ubunden form til Språkrådet.

Skrifttradisjon: Teiganeset (sjøkart 1955, 2015; Skåneviksoga bd. 6, 1998, s. 236). I kartet til Gunnar Bjelland står Teiganes, men han nyttar skrivemåten Teiganeset i Røyster som tagna (2006).

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet tilrår skrivemåten Teiganes.

Vurdering: Dette namnet var opphavleg ikkje med i saka, men me tek det inn sidan me har fått tilråding om skrivemåten. Dersom uttala er med ubunden form, bør au skrivemåten ha dette. Kartverket vedtek skrivemåten Teiganes i samsvar med Språkrådet si tilråding, norsk rettskriving og dei lokale opplysningane.

827120DjuvslandetStrand i sjø

Uttale: I eit e-brev frå 2019 oppgjev Eva Bjelland Kaada uttala Djuvslandet.

Skrifttradisjon: Djuveland (ØK 1967); Djuvslandet (Røyster som tagna, 2006, s. 162). I Glimesteinar: bok om Åkrafjorden (2014, s. 399) nemner Sverre Djuve Djuvsland og Djuvslandet.

Høyringssvar: Ingen.

Tilråding: Språkrådet skriv at Djuvslandet er tilrådeleg.

Vurdering: Dette namnet var opphavleg ikkje med i saka, men me tek det inn sidan me har fått tilråding om skrivemåten. Vurderinga gjeld berre sisteleddet. Kartverket vedtek skrivemåten Djuvslandet i samsvar med uttaleopplysninga, Språkrådet si tilråding og norsk rettskriving. Sjå au laupenr. 20.