Landøyde - finst denne hjå deg?
På denne tida er planta landøyde i full blomst - også i vår kommune. Landøyde er ein svært giftig plante som er skadeleg for beitande dyr, sjølv etter han er tørka.
Landøyde
Reidar J. Rødne
Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon
Planta veks langs grøfter, vegar, skogkantar, i eng og på beite. No når denne er i full blomst er den lett å kjenna att. Me oppfordrar våre innbyggjarar til å ta ein runde på eigen eigedom. Har du planta hjå deg kan den rivast opp med rota og leggjast i ein lukka post i restavfallet. Bruk hanskar! Planta kan gje kontakteksem. Meir omfattande førekomstar av planta kan nedkjempast kjemisk.
Hjelp oss å kartleggja omfanget av landøyde!
Legg inn observasjon på nett: www.artsobservasjoner.no
Landøyde i fullblomst
Reidar J. Rødne