Den nye tenesta blei feira med høge glas og søte smakar i kommunestyresalen.Lanseringa kjem som oppfølging på eit godt arbeid som blei gjort med Etne 2030, som vidare resulterte i eit politisk vedtak for oppstart at eit prosjekt for omdømebygging i oktober.
Tenesta har fått si eiga nettside som no er publisert, og me håpar at denne blir godt teken i mot.
Sida er heilt fersk og blir oppdatert etter kvart som det kjem inn innspel som passar inn på sida.
Målet med sida er å synleggjere kva du kan gjere i Etne kommune, kvar du kan bu i Etne kommune, og synleggjering av arbeidsmarknaden i Etne kommune.
Tilflyttartenesta vil jobbe tett med Medvind24 og FIKSE næringsliv, og spele på dei gode ressursane me har i kommunen.
Saman ønskjer me at det skal bli lett å velje Etne kommune, og at sida blir ein god ressurs for å synleggjere alt det bra som vert gjort i kommunen vår.
Det er planlagt at Tilflyttartenesta skal vera til stades i Skånevik 10 dagar over 5 veker i sommar i kontorlokala til Helgevold. Der vil Kristine Ebne ta imot alle som har spørsmål og innspel til Tilflyttartenesta. Det blir eit kjekt sommarprosjekt!
Den nye nettsida finn de no her; MittEtne og øvst på heimesida til Etne kommune.
Vidare fortalte kommuneoverlege Elisabeth Selland Wintertun om prosjektet «Aktiv i Etne», som ho skal jobbe med no i 4 månadar.
Elisabeth skal i prosjektet teste ut kva tilbod me har i kommunen, med fokus på folkehelse og aktivitetar.
Ho skal la oss følgje henne gjennom prosjektetplanlegging og «bak fasaden» på instagramprofilen @kommuneoverlegenElisabeth, og vil gjennom sumaren også poste på @etnekommune alt det galna ho skal begi seg ut på for å nå målet om å klatre Via Ferrata på Fjæra. Me gler oss til å følgje ho!

Kommuneoverlege Elisabeth Selland Winterthun presenterte og sitt prosjekt ‘Aktiv i Etne’. Følg prosjektet på Instagram. @kommunelegenelisabeth @etnekommune
Sonja Frafjord, Monica Nesheim og Kristine Ebne er med i prosjektgruppa.