Lokalt transporttilbod for ungdom i Etne kommune

Etne kommune har fått støtte frå vestland fylkeskommune til å oppretta lokalt transporttilbod for ungdom (LTU) i alderen 13 – 19 år.

Teikning av gul buss - Klikk for stort bilde

I Etne kommune vil ordninga bli nytta til transport heim frå ungdomsklubbane i Etne og Skånevik. Dette for at ungdom i Etne og Skånevik skal kunna gå på begge ungdomsklubbane.

Viktig informasjon:

  • Eigendel er kr. 20 per person
  • Tilbodet gjeld ungdom 13 – 19 år
  • Går det buss eller annan offentleg transport innan ein time, må ein nytta denne
    Det går offentleg transport som høver både til Etne og Skånevik fredagar
  • Gjeld transport heim frå ungdomsklubbane i Etne og Skånevik fredag kveld
    Transporten går langs Strondavegen
  • Transporten går frå Etne kl. 22:00 oddetalsveker og kl. 22:00 frå Skånevik partalsveker

Korleis fungerer det?

  • Transporten må bestillast torsdagar innan kl. 15.00 på SMS til mobilnr 902 38 354 (Etne frivilligsentral)
  • I meldinga skriv du LTU, namnet ditt og alderen din
  • Eigendel på kr. 20 betaler du til sjåføren


For spørsmål tek du kontakt med Dagfinn Garnes-Johnsen, rådgjevar for oppvekst og koordinator for ungdomsrådet i Etne kommune
E-post: dagfinn.garnes-johnsen@etne.kommune.no