
Alle bør krysse av 1. desember i kalenderen. Då er det Røykvarslardagen, og på tide å teste røykvarslarane og bytte batteri ved behov. Dette er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når vi no går inn i den tida på året der det vanlegvis brenn mest, seier Astrid Vestbø, leiar førebyggjande.
Slik sjekkar du på 1–2–3:
- Test kvar enkelt varslar med testknappen. Dersom den ikkje fungerer, må du bytte batteri eller kjøpe ein ny røykvarslar.
- Sjekk om lyden frå røykvarslaren er tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når dørene mellom romma er lukka.
- Sjekk at du har minst éin røykvarslar i kvar etasje. Har du fleire røykvarslarar, bør dei vere seriekopla.
Etne brann og redning deler ut batteri ved Etne senter måndag 1. desember, slik at du enkelt kan bytte batteri ved behov.
– Du bør bruke seriekopla røykvarslarar, slik at alle varslarane piper samtidig ved brann. Dette er spesielt viktig dersom bustaden din har fleire etasjar. Det kan gi deg og familien din verdifull tid til å kome dykk i tryggleik, seier Vestbø.
Røykvarslarar bør testast éin gong i månaden og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det er òg ein fordel å støvsuge dei jamleg – det gir betre haldbarheit. Test alltid røykvarslaren når du kjem fram til hytta; batteriet kan ha gått tomt medan du var borte, og då får du ikkje varsel om at det må bytast.
Ta ansvar for dine næraste
Brannstatistikken viser at nokre grupper i befolkninga er meir utsette og sårbare dersom ein brann oppstår. Dette gjeld mellom anna eldre og personar med nedsett funksjonsevne.
– Mange har vanskar med å sjekke røykvarslarane sjølve. Vi oppmodar derfor alle til å sjå til at dine næraste har røykvarslar som fungerer, og bytte batteri ved behov, seier Vestbø.
Røykvarslardagen er ein landsomfattande kampanje som går av stabelen 1. desember kvart år. Brannvernforeininga, DSB og Gjensidige forsikring står bak kampanjen sentralt. Lokalt er det brannvesenet og DLE (Det lokale Eltilsynet) som bidreg til å setje søkelys på dette viktige bodskapen.
På www.roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som aukar branntryggleiken i heimen.