Momskompensasjon for frivillige organisasjonar

Frivillige organisasjonar kan gjennom denne ordninga få kompensasjon for kostnader de har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Dekorativt - Klikk for stort bilde

Organisasjonen må vera registrert i Frivillighetsregisteret, og frivillig innsats må vera ein viktig del av aktiviteten for å søkja.

Organisasjonar som ikkje er knytt til eit sentralledd kan søkja direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Om organisasjonen er tilknytta eit sentralledd, skal søknaden sendast via sentralleddet.

Søknadsfristen er 1. september.

Meir info og søknadsskjema Momskompensasjon for frivillige organisasjoner - Lottstift

(Særordninga for momskompensasjon til idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsanlegg som har fått spelemidlar, har frist 1. desember. Momskompensasjon til idrettsanlegg - Lottstift).