Munter stemning på Frivilligfest

Onsdag kveld fekk kommunen og Frivilligsentralen gi ein symbolsk, men velfortent, heider til dei frivillige i kommunen vår, og Liv Tungesvik fekk utdelt kommunen sin Kultur- og Frivilligpris 2022.

Kaffi og kaker, utstilling og nesten fullsett sal og munter stemning på Skakke! Komikar Rune Bjerga leia oss leande til det eine lokale høgdepunktet etter det andre på lerretet og scena. Og ordførar Mette Heidi overrekte Kultur-og frivilligprisen 2022 til Liv Tungesvik til ståande trampeklapp i frå publikum.
For eit mangfald og for ein rikdom me kan gle oss over! «Dette er gullbeholdninga vår», som ordføraren sa.

Bla i fleire bilete frå festen her: 

Ordføraren deler ut prisen til Liv Tungesvik - Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Astrid Eikemo spelar gitar og syng - Klikk for stort bilde
Band frå kulturskulen spelar - Klikk for stort bilde
Band frå kulturskulen spelar - Klikk for stort bilde
Band frå kulturskulen spelar - Klikk for stort bilde
Band frå kulturskulen spelar - Klikk for stort bilde