No kan du kontakta helsestasjonen på helsenorge.no

Tenesta Digihelsestasjon er no tilgjengeleg i Etne kommune. Det betyr at innbyggarane kan kommunisera med helsestasjon, skulehelsetenesta og svangerskapsomsorg via helsenorge.no.

Illustrasjon - Klikk for stort bilde

Digital helsestasjon er ei meldings- og kommunikasjonsteneste mellom innbyggarar og helsestasjonen, skulehelsetenesta, helsestasjon for ungdom (HFU),  og jordmor.
Gjennom helsenorge.no kan du senda spørsmål og få svar frå helsepersonell, senda førespurnad om time eller avlysing av time, halda oversikt over avtalane dine og få varsel og informasjon. Alt på en trygg og sikker måte.

  • Gjennom digital helsestasjon kan du:
  • Ha sikker digital dialog
  • Be om og avbestilla timar
  • Få oversikt over avtalar
  • Få oversikt over dine vaksiner
  • Ein meir tilgjengeleg helsestasjon

Er du 16 år eller eldre, går førespurnadane direkte til skulen din sin helsesjukepleiar eller helsestasjonen for ungdom, og ingenting blir delt med dine foreldre utan at du har sagt ja.

Korleis ta digital helsestasjon i bruk?

Digital helsestasjon bidrar til ei meir tilgjengeleg teneste kor det nå blir fleire måtar å ta kontakt på.
For å bruka digital helsestasjon, må du logga deg inn på helsenorge.no med BankID eller tilsvarande. Under «Se alle helsekontaktene dine» vil du finna din faste helsesjukepleiar eller jordmor. Ungdom over 16 år må logga inn med eigen identifikasjon.
Me oppfordrar alle som ikkje har registrert seg på helsenorge.no om å gjera dette.

Digital helsestasjon er for alle

Digital helsestasjon kan brukast av alle innbyggarar, og gravide kan ha dialog med jordmor.
Barn og ungdom under 16 år kan bruka løysinga via foreldre, og foreldre kan sjå barna sine timeavtalar, kva for barn som har time, få oversikt over vaksiner og senda meldingar om du lurer på noko.

Fullmakt

Du har fullmakt for dine eigne barn under 16 år når du har gitt fullt samtykke. Det er også mykje god kvalitetssikra informasjon til deg som forelder om dette på helsenorge.no.

Slik representerer du andre på Helsenorge, foreldreansvar

Når du er over 16 år, kan du gje andre fullmakt til å bruka tenester på helsenorge.no på dine vegne, og du kan få tilsvarande fullmakt får andre.

Fullmakt på Helsenorge

På helsenorge.no får du også oversikt over din eiga helse. Med tilgang til kjernejournal, kommunikasjon med fastlege og sjukehus, prøvesvar, frikort med meir. Logg deg inn og ta ein kikk då vel!