Norgesferie på hjul: Alt på ett nett

Statens vegvesen har utarbeida nye sider for vegfarande turistar i Noreg.

Fjell og fjord på nettsida til vegvesenet - Klikk for stort bilde

Nettsida Vegvesen.no/turist gir deg svar på det du kan lure på som reisande turist i Noreg. Det viktigaste er å køyre trafikksikkert og vise omsyn.

Det kan fort bli litt kaos på smale vegar når mange skal på ferie samstundes. Og når mange ferierer i bubil, campervan eller med campingvogn. Då kan det bli både litt utrygt og vanskeleg å kome fram for dei som reiser med personbil, på MC eller sykkel.

Reglar, råd og nyttige tips
– Nettsida vegvesen.no/turist finst på norsk og engelsk, og gir informasjon som både skal ta vare på trafikksikkerheita og bidra til betre framkome. Ho har òg mykje informasjon som særleg kan hjelpe bubil- og campingturistar til å vise litt meir omsyn – både til medtrafikantar og til lokalbefolkninga, seier Trine Kanter Zerwekh i Nasjonale turistvegar i Statens vegvesen.

Dei viktigaste trafikkreglane, korleis ein køyrer trygt med bubil og campingvogn, informasjon om veg- og køyreforhold og bompengar, fartsgrenser og korleis ein kjem seg trygt fram på MC og sykkel – er blant temaa turistane finn på den nye turistsida til Vegvesenet.

Les heile pressemeldinga her