Ny brannbil til Etne brann og redning ved Skånevik stasjon

Skånevik stasjon har no fått ei splitter ny Scania brannbil med 5000 liter vatn. Den nye bilen erstattar den tidlegare mannskapsbilen frå 2009, som hadde ein tankkapasitet på 2500 liter. Med dobbelt så mykje vatn tilgjengeleg på førsteinnsats, blir brannberedskapen i bygda ytterlegare styrka.

Raud og gul brannbil utanfor stasjonen - Klikk for stort bildeRaud og gul brannbil utanfor stasjonen - Klikk for stort bilde

Den nye bilen betyr mykje både for innbyggjarane, fellesskapet og for brannkonstablane ved stasjonen, som no får eit moderne og meir robust køyretøy i tenesta. Dette gir betre tryggleik for både mannskap og lokalsamfunn – og enda betre slagkraft når det verkeleg gjeld.

Og til slutt – Skånevik brannstasjon treng fleire mannskap!
Er du nysgjerrig på kva det vil seie å vere brannkonstabel, eller lurer på om dette kunne vore noko for deg? Ta gjerne kontakt. Det er eit godt miljø på stasjonen, og me tek gjerne imot nye fjes som vil bidra til tryggleik i lokalsamfunnet.