Ny einingsleiar i Miljøarbeidstenesta

Birthe T. Eik er tilsett som ny einingsleiar for Miljøarbeidstenesta i kommunen, og har oppstart 1.mai.

Portrett - Klikk for stort bildeBirthe T. Eik

Ho bur saman med familien sin i Kvinnherad kommune, er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning i eldreomsorg og leiing, og er i ferd med å fullføre ein master i organisasjon og leiing. Birthe har fleire års leiarerfaring frå helse- og omsorgstenester, mellom anna som avdelingsleiar ved sjukeheim og som leiar i heimetenesta.

Birthe er oppteken av gode og trygge tenester, brukarfokus og eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid og utvikling.

Me ønskjer Birthe velkommen til Etne kommune.