Ny einingsleiar i pleie og omsorg
Etne Kommune vil ønske Eva Jemli velkommen som ny einingsleiar for pleie og omsorg.
Eva JemliHo startar i stillinga 20. november. Eva kjem frå ei stilling som avdelingsleiar i Haugesund kommune. Ho har jobba som leiar i ulike heildøgnstenester i Haugesund kommune sidan 2009. Eva er utdanna vernepleiar og er igong med ein master i leiing.
Eva er 53 år, oppvaksen i Haugesund og bur i Ramsdalen i Haugesund saman med mannen sin. Ho har 2 vaksne barn og eitt barnebarn som ho likar å bruke tid saman med.
Etter mange år som avdelingsleiar i Haugesund kommune ser eg fram til å ta fatt på nye oppgåver som einingsleiar for pleie og omsorg i Etne kommune. Eg har særleg fokus på god kommunikasjon og samarbeid, og legg stor vekt på trivsel hos dei tilsette. Det er viktig for meg at alle som arbeider i pleie og omsorg skal ha ein god arbeidskvardag der dei er stolte over arbeidet dei gjer, og tenestene som vert tilbydde i kommunen. Dette trur eg vil føre til at dei som tek imot tenester kan kjenne seg trygge på at tenestene er av høg kvalitet. Mi erfaring tilseier at nøgde tilsette skaper nøgde tenestemottakarar.
Me veit at me går inn i ei tid der det vil vera fleire innbyggjarar som har behov for tenester og færre helsepersonell å få rekruttert. Då blir det vår jobb å finne meir optimale måtar å nytte dei ressursane me har i kommunen. Dette både for å lette arbeidskvardagen til dei tilsette, samtidig som me leverer gode tenester til innbyggjarane.
Eg gler meg til oppstart i november, og ser på det som positivt å kome 'utanfrå', då det gjer at eg tek fatt på denne jobben i Etne kommune med 'friske' auge.