Ny frivilligsentral i Skånevik – me treng dine innspel!

Etne kommune, Skånevik sokneråd og Skånevik idrettslag samarbeider nå om å etablera ein ny frivilligsentral i Skånevik

logo - Klikk for stort bilde

Målet med ein frivilligsentral er å mellom anna å styrkja frivillig innsats, skapa møteplassar og fellesskap, fremja deltaking og inkludering, samarbeida med kommunen og byggja opp under lokalt engasjement.  Den nye sentralen vil arbeida tett saman med den eksisterande frivilligsentralen i Etne, slik at dei to kan utfylla kvarandre og gjera kvarandre endå betre.

For å sikra at den nye frivilligsentralen blir eit tilbod som treff behova i lokalsamfunnet, sender me nå ut ei spørjeundersøking til barn, unge og vaksne som bur i Skånevik. Dei fleste som har adresse 5593 Skånevik vil få ein sms tilsendt med lenkje til undersøkinga. Dersom du ikkje får SMS, så kan du nytta lenkja nedst i artikkelen.

Kvifor ei ny frivilligsentral?
Mange i bygdene våre etterspør fleire møteplassar, støtte i kvardagen, sosiale aktivitetar og moglegheiter for å bidra som frivillig. Ein frivilligsentral er nettopp ein slik arena – ein stad der fellesskap, inkludering og trivsel står i sentrum.

Ein frivilligsentral kan innehalda:

•    møteplassar for både unge og eldre
•    aktivitetar og arrangement bygd på lokale ønskje
•    hjelp og støtte i kvardagen
•    rom for frivillig innsats
•    samarbeid mellom lag, organisasjonar og kommune
Tilbodet blir forma av innbyggarane sjølve – difor er dine innspel så viktige.

Me treng di stemme!
I spørjeundersøkinga ber me om dine erfaringar, behov og ønskje. Svara dine vil bidra til å utvikla ein frivilligsentral som er relevant, inkluderande og nyttig for flest mogleg. Undersøkinga tek berre nokre få minutt, og me håpar du vil ta deg tid til å delta innan 14.april. Dine synspunkt betyr mykje for oss – og for framtida til lokalsamfunnet vårt.

Mvh
Etne kommune, Skånevik sokneråd og Skånevik idrettslag

Lenkje til undersøking for vaksne (20 år+): Spørjeundersøking ny frivilligsentral – vaksne 
Lenkje til undersøking barn og unge (16-19år): Spørjeundersøking ny frivilligsentral – barn og unge