Ny kommunalsjef for bygd og samfunn i Etne kommune

Etne kommune har fått på plass ny kommunalsjef for bygd og samfunn. Namnet hennar er Marit Ystanes, og ho startar i stillinga 1. mai.

Marit Ystanes - Klikk for stort bildeMarit Ystanes

Ho kjem frå Ullensvang kommune, der ho dei siste åra har vore verksemdsleiar for prosjekt og utvikling. I denne stillinga har ho arbeidd tett saman med både administrativ og politisk leiing, med særleg ansvar for investeringsprosjekt. I tillegg har ho erfaring frå fleire tekniske område som er relevante for stillinga ho no tiltrer.

Gjennom arbeidet i Ullensvang har ho opparbeidd seg brei erfaring frå kommunal sektor, innan fleire relevante fagområde. Ho har også vore ein del av samanslåingsprosessen som førte til etableringa av nye Ullensvang kommune, noko som har gitt nyttig erfaring med endring, samarbeid og heilskapleg tenking.

I intervju­runden peika ho seg tidleg ut som ein sterk kandidat. Den nye kommunalsjefen er oppteken av gode prosessar og samarbeid, og lagbygging er viktig både for henne og kommunen. Me gler oss til oppstart, og trur Etne kommune vil nyte godt av hennar breie erfaring.

Etne kommune ønskjer henne varmt velkomen.