Ny kommunalsjef for utvikling og drift er tilsett

Åsmund Andersen Sekse har fått tilbod, og takka ja til stillinga. Han tiltrer 01.04.22

 

  

Her presenterer han seg sjølv: 

Det er med ein god følelse eg kan sei at eg vert den nye kommunalsjefen for utvikling og drift i Etne kommune. Dette er ein utfordring eg gler meg stort til, og eg er audmjuk over å få denne sjansen.

Bakgrunnen min har eg frå oljebransjen og vegsektoren. Eg kjem no frå jobben som leiar for vedlikehald i Vestland fylke, der eininga mi blant anna står for arbeid med tunnel, dekkelegging og vedlikehald på veg. Eg er utdanna ingeniør, og er no i sluttfasen av ein mastergrad.

Privat er eg vaksen opp på Sekse i Hardanger kor eg i dag og er busett på eit mindre gardsbruk. Der bur eg, min eineståande ektefelle og vår nydelege jenta på halvtanna år. På garden er det fruktproduksjon, og me leverer i hovudsak plommer, men og litt eple. Utover dette har både eg og familien min sterke band til Etne. Kona mi har mykje familie i området, og no gleder me oss til å tilbringe endå meir tid i Etne.

Eg har gjennom prosessen fått eit svært godt inntrykk av kommunen og tilsette, og kan berre understreka at eg ynskjer å være med på å ta dette endå vidare og bidra til positivitet. Med bakgrunnen min frå ein liten kommune, trur eg at eg kan kjenne meg igjen i utfordringane som Etne også har. Min enkle tilnærming er at me må sette innbyggarar, næringsliv og tilsette i fokus skal me få dette til, og det må me vise tydeleg.

Kommunedirektør Bjørn Tollefsen seier i sin kommentar:
"Eg er svært nøgd med tilsetjinga. Åsmund utmerka seg tidleg som den beste kandidaten blant mange gode søkjarar. Me får ein ung og initiativrik leiar som ynskjer å vera med å utvikla kommunen vår. Me gler oss til samarbeidet med Åsmund"