Ny kunstgrasbane opna i Skånevik

Laurdag blei den nye kunstgrasbanen i Skånevik offisielt opna - eit prosjekt som har vore ønskt og etterlengta i mange år.

Opninga samla både små og store til markering og feiring, og stemninga bar preg av glede og stoltheit over det bygda har fått til i samarbeid med mellom anna kommunen, næringslivet og ulike tilskotsordningar.  Etne kommune har prioritert dette prosjektet høgt. Dei nærare seks millionane kommunen har investert i anlegget er vel brukte midlar – midlar som vil skapa aktivitet og bidra til betre folkehelse. Eit verkeleg vinn-vinn-prosjekt. I tillegg har kommunen og forskottert spelemidlar fram til dei blir løyvde.

Me er imponert over initiativet og dugnadsinnsatsen som er lagt ned for å få prosjektet i hamn. Mange har stått på, og kan nå klappa seg sjølve på skuldra og sjå at det som ein gong var ein draum – og seinare eit mål – no er blitt verkelegheit. Etne kommune vil takka alle involverte for godt samarbeid gjennom heile prosessen. Det har vore ei glede. Gratulera til Skånevik med eit nytt og flott prosjekt! Denne banen vil bli til stor glede for bygda i mange, mange år framover.