Ny leiar på eining for utvikling, Eileen P. Selland

Etne kommune vil ønskje ny leiar på utvikling velkommen på laget.

Leiar utvikling - Klikk for stort bildeEileen P. Selland Ingunn Enge

Eileen byrja i Etne april 2022 som rådgjevar på utvikling etter å ha arbeidd fleire år som arealplanleggjar i privat konsulentfirma. Ho har ein master i teknologi/sivilingeniør med fordjuping i byplanlegging frå Universitetet i Stavanger. Eileen er 32 år, oppvakse i Etne og bur saman med mann og born på Grindheim. Ho tek over stafettpinnen som leiar etter Erik Kvalheim, som no er å finna i stillinga som seniorrådgjevar. 

Eg har følt meg heime på Tinghuset frå fyrste gong eg gjekk inn døra som fast tilsett for vel eitt år sidan. Som dei fleste andre på avdelinga fekk også eg umiddelbart mange oppgåver, og har arbeidd med stort engasjement for å realisera planar og prosjekt som kommunen har sett i gong. Me er ein god gjeng som eg ser fram til å jobba tettare på, med mål om å få til ein smidig og samskapande kvardag saman med innbyggjarane våre. 

Eg er opptatt av at arbeidsplassen vår er der me har rom for å utvikla oss på ein annan måte enn privatlivet elles. Dette er staden for inspirasjon til å søkja ny og breiare kunnskap om samfunnet me lever i, og faget me er engasjert i. Kommunen har eit særleg stort fokus på å vera ein god stad å bu i, og utviklingsavdelinga står i ei viktig posisjon for å oppnå satsinga på born og unge, folkehelse og bumiljø.

Eg har tråkka i gongane på Tinghuset sidan barneskuletida; for å vitja morfar på Teknisk etat. Sigmund Pedersen var aktiv hjå kommunen langt over pensjonstid, og det kjennes godt å følgja i hans forspor med den gjevne tittelen Kommunearbeidar. No er det mi dotter som kjem traskande etter skuletid, og som med glitter i augo fortel at ho vil jobba på Tinghuset når ho vert stor.