Ny og meir funksjonell postliste

På postlista til Etne kommune kan du lesa dokument som går ut frå og inn til kommunen. I slutten av januar erstatta me den gamle postlista med ei ny og meir brukarvennleg løysing.

Den nye løysinga har søkemotorfunksjon, slik at ein kan søka på eit spesifikt ord, og få opp alle dokument som passar til skildringa. Du kan og filtrera på dato, type sak, og på inngåande eller utgåande dokument. Vil du sjå dokument frå politiske møte, hakar du av for saksframlegg.

Nokre dokument kommunen behandlar vil vera heilt eller delvis halde unna offentleg innsyn. Desse vil ikkje vera publiserte på postlista. Du kan sjå kva dokument dette gjeld og bestilla innsyn, så vil kommunen vurdera om det er grunnlag for å gje innsyn. Inneheld dokumenta teiepliktig informasjon eller informasjon som ikkje skal vera tilgjengeleg på internett, vil ikkje desse vera tilgjengeleg på postlista.

Søk i postlista

Postlista - Klikk for stort bildeSkjermdump av postlista