
Samlingar hausten 2025
Stad: Skakkesenteret i Etne
Tid: Kl. 18.00-21.00
Datoar:
Onsdag 22. oktober
Onsdag 29. oktober
Onsdag 5. november
Onsdag 12. november
Kva er pårørandeskulen?
Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. Personen med demens kan bu i eigen bustad eller på institusjon.
Gjennom faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens, og du får treffa andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.
Førebels tema, meir kjem:
Demenssjukdommar og pårøranderolla – Ellen Johanne Svendsbø, pårørande, sjukepleiar og forskar på pårørandebelastning innan demens
Eigenomsorg – Sjukehusprest Valborg Marie Sinnes, Helse Fonna
Framtidsfullmakt – føredragshaldar kjem
Kommunikasjon
For nærmare opplysningar og påmelding, kontakt:
Namn: Solveig Kvamme
Telefon: 902 38 354
e-post: frivillig.etne@gmail.com
Påmelding: 04.08.25 - 12.09.25
Arrangørar
Etne- og Vindafjord kommune i samarbeid med Vindafjord demensforeining,
Skånevik Helselag og
Etne- og Vindafjord frivilligsentral