Ny snøggbåtkai i Skånevik er ferdig

Måndag 5/7-21 opna ordførar Mette Heidi Bergsvåg den nye snøggbåtkaien i Skånevik.

 

Prosjektleiar for Etne kommune, Axel Kruger, prosjektleiar i Byggservice Lars Ulvenes, dagleg leiar i prosjektservice Eli Eiane Klyve og prosjektleiar i Omega Leiv Anfin Drange motteke blomar som takk for innsatsen frå ordførar Mette Heidi Bergsvåg.

Arbeidet blei starta for 10 månadar sidan, og har kosta ca. 13,5 millionar kroner. Det er blitt eit flott anlegg, og står no i all si prakt klar til å ta imot dei snøggbåtane som trafikkerer Skånevik.

2 av båtane ligg fast her om nettene, og det er lagt straum og vatn fram til desse.