Ny styrar i Enge barnehage

Torhild Molland har fått stillinga som leiar i Enge barnehage.

Passfoto av Torhild - Klikk for stort bilde

Gerd Torhild Lindevik Arnestad fekk som kjent stillinga som rådgjevar oppvekst og me har hatt ein prosess for å finna ny styrar til Enge barnehage.
Me er stolte av å ynskja Torhild Molland velkommen som styrar. Ho er kjent med kommunen, med barnehagen og det me ynskjer å arbeida for.
Torhild startar som styrar kommande vår og kjem til å ha eit godt bidrag inn for born og tilsette i barnehagen.

Nå startar me arbeidet med å få ny leiar med oss på laget i Skånevik barnehage og Skånevik skule.