Nye prisar og stipend frå Etne kommune

Kommunen har oppretta nye prisar og stipend frå 2025. Heiderspris(ar) som anerkjenning til personar og grupper/lag frå Etne kommune som har markert seg på høgt nivå, og ei stipendordning til unge talent innan idrett og kultur.

Skjermdumpar - Klikk for stort bildeKommunen har mange einskildpersonar og grupper/lag som markerer seg både nasjonalt og meir til for enkeltpresentasjonar eller innsats over ei årrekke. Desse kan nå få ekstra heider, og unge talent kan i tillegg søkja stipend for å utvikla talentet sitt. Skjermdump få Facebooksidene til Etne Hagelag og Etne Kyokushin Karateklubb

Etne kommunestyre har lenge hatt eit ønskje om å heidra dei frå kommunen vår som legg ned store krefter for å hevda seg; det vere seg norgesmeistrar, internasjonale meistrar eller andre som har utmerka seg innanfor sine felt. I budsjettet for 2025 blei det difor sett av ein pott på kroner 50 000 til formålet, og utarbeidd retningsliner for ei heidersprisordning og ei stipendordning. Begge gjeld frå og med 2025. 

Me inviterer nå publikum til å aktivt foreslå kandidatar eller senda søknad om stipend til dei to nye ordningane:

  • Heider til personar og grupper/lag som har utmerka seg
    Formål: Å gje anerkjenning til personar frå Etne kommune som har markert seg på høgt nivå innan idrett, kultur eller andre samfunnsområde.
  • Stipend til unge talent
    Formål: Å støtta og motivera unge talent, anten individuelt eller som lag/gruppe, innan kultur og idrett i Etne kommune.

Etne Formannskap gjer vedtak om tildelingar i første møtet etter nyttår, og ordføraren inviterer dei utvalde til mottaking og feiring litt seinare på nyåret.

Frist: 20. januar 2026

Sjå meir informasjon og send inn forslag eller søknad her