Nye retningsliner for kommunalt tilskot til frivillige lag og organisasjonar

Etne kommune skal vedta nye retningsliner for det nåverande driftstilskotet til lag og organisasjonar. Tilskotet skal stimulera til frivillig aktivitet som fremjar fellesskap, folkehelse og meistring med særleg fokus på barn og unge.

Dekorativt - Klikk for stort bilde ChatGPT

Etne kommune har i mange ti-år delt ut driftstilskot til lag og organisasjonar. Budsjettet for 2025 er samla på 278 000 kroner. Gjeldande retningsliner er forelda, og det er på høg tid å justera desse slik at dei er i tråd med kva kommunen ønskjer å oppnå med tilskotet.

Framlegget som ligg føre set krav til aktivitet og prioriterer faste fritidsaktivitetar. Det blir difor også tilrådd at tilskotet endrar namn frå “driftstilskot” til “aktivitetstilskot”. Nye retningsliner opnar for at enkelte lag som i dag ikkje mottar tilskot, kan få tildeling. Dette gjeld lag som har fast aktivitet som fremjar mangfald og inkludering, fysisk aktivitet og folkehelse eller ueigennyttige tiltak innan friluftsliv, kulturarv eller anna. Det nye framlegget kan også føra til at enkelte organisasjonar misser tilskot dei har i dag fordi dei ikkje tilbyr faste fritidsaktivitetar eller fordi organisasjonen ikkje er registrert i Frivilligregisteret. 

Framlegget til nye retningsliner er sendt ut på høyring til lag og organisasjonar som mottar driftstilskot i dag og til Ungdomsråd, Eldreråd og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Andre frivillige lag og organisasjonar er også velkomne til å gi tilbakemelding. Uttalen må sendast til post@etne.kommune.no innan 15. september.

Framlegg til nye retningsliner for aktivitetstilskot (PDF, 184 kB)

Gjeldande retningsliner for kommunalt driftstilskot