Nye skilt i busslomma ved Enge skule er på plass

Dei nye skilta i busslomma ved Enge skule er på plass. Det er no skilta gjennomkøyring forbode for vanleg personbiltrafikk mellom kl. 08 og 15. 

Det er dermed ikkje lenger lovleg å bruke busslomma til å levere/hente elevar i dette tidsrommet. Fram til ny droppsone ved småskulen er på plass, kan foreldre og føresette levere elevar anten på den offentlege parkeringsplassen ved sida av Skakkesenteret, eller på nedsida av Skakkesenteret.

Me vil samtidig minne om at det etter trafikkreglane §17 er forbode å parkere i ei busslomme.