Nytt gjødselregelverk – info!

Kommunen kan ikkje lenger tillate gjødselspreiing etter fristen. Statsforvaltaren får høve til å gi dispensasjon, men berre i særskilte tilfelle.

Gjødselspreiing etter 15. september er forbode

Kommunen kan ikkje lenger tillate gjødselspreiing etter fristen. Statsforvaltaren får høve til å gi dispensasjon, men berre i særskilte tilfelle.
Det er mogleg å søkje Statsforvaltaren om dispensasjon, på eige søknadsskjema. 
Nettsak med søknadsskjema: Hugs nye fristar for spreiing av husdyrgjødsel | Statsforvaltaren i Vestland

Strengare reglar for utandørs husdyrhald

Utandørs husdyrhald må drivast slik at ein unngår opphoping av gjødsel og fare for forureining. Konkret kan ikkje fôringsplassar ligge på same stad over lang tid, og dei må også plasserast i god avstand frå vassførekomstar og dreneringssystem. For permanent utandørs luftegard, fôringsplass, liggeplass, drikkeplass m.v. er det no krav om å samle opp gjødsla og fjerne den minst ein gong i vekstsesongen og ein gong om hausten.

Nye krav til bruk av gjødsel _ Statsforvaltaren i Vestland.pdf (PDF, 244 kB)