Nytt gruppetilbod for elevar med søsken som har spesielle behov

Me startar eit nytt gruppetilbod for elevar på Enge skule med søsken som har diagnosar eller funksjonsvariasjonar. 

Raud metallblom på vegg - Klikk for stort bilde

Skånevik skule planlegg me tilbod for seinare i vår.
Me vil dela elevane i alderstilpassa grupper.  Deltakarane vil få møta andre i liknande situasjonar, dele erfaringar og få setje ord på tankar og følelsar knytt til det å ha ei søster eller bror med spesielle behov.  

Gruppeleiarar vil vere helsesjukepleiarane Stine Hamre og Elin Grindheim Hovda
Gruppene vil gjennomførast i skuletida over fire samlingar. Kvar samling vil vare ein time.

Gruppetilbodet byggjer på eit opplegg kalla SISKEN som habiliteringstenesta ved Helse Fonna har drive tidlegare. Gruppene er prøvd ut mellom anna i Bømlo kommune og Haugesund kommune.

Tid: Veke 7, 8, 10 og 11.

Ta gjerne kontakt for spørsmål, evnt. ring oss på 91344955
Påmelding innan torsdag 05.02. til:
stine.hamre@etne.kommune.no eller 
elin.grindheim.hovda@etne.kommune.no