Oppgradering av Skånevik Omsorgssenter

Dette skjer framover!

Etter lang tids planlegging er me glade for å kunna informera om at arbeidet med renovering av 8 leilegheiter (tidlegare Tusenfryd) samt fellesareal i Skånevik Omsorgssenter no startar opp.

Inngangspartiet på det kvite bygget - Klikk for stort bilde Frederic Bull-Tornøe

Vigor Bygg AS skal utføra arbeidet som totalentreprise. Oppstart med etablering av riggområde, HMS-tiltak og containerområde rundt bygget er igangsett.

Framdrift og dagleg bruk

Det vert sett opp byggegjerde rundt delar av området (sjå bilete merka «Riggområde»). Entreprenør og handverkarar vil nytta eigne inngangar og område, slik at den daglege drifta skal kunna gå så normalt som mogleg. Tal parkeringsplassar vil bli redusert med omlag 4 plassar i ombyggingsprosessen.

Innvendig riving er påbegynt og er venta vare ut august. Deretter startar utvidinga og arbeidet med balkongar på nordøst sida. I denne perioden må det påreknast noko støy og aktivitet knytt til byggearbeidet. Når rivearbeidet er ferdig, startar oppbygginga av dei nye lokala. Leilegheitene er forventa ferdig ila. april 2027.

Me ønskjer at både brukarar, pårørande og tilsette skal kjenna seg trygge gjennom heile byggeperioden. 

Riggområde

Kart over området - Klikk for stort bilde
Skånevik omsorgssenter, utanfor bygget - Klikk for stort bilde

Fellesareala

Det er også etablert ei eiga arbeidsgruppe som arbeider med utforming av fellesområde i eksisterande bygg, mellom anna stove, gang, kontor og uteområde. Planlegging og arbeid er tenkt gjennomført parallelt med leilegheitene. 

Vidare informasjon

Oppdateringar vil bli gitt i kommunen sine kanalar, på nett og Facebook.
For spørsmål eller anna knytt til prosjektet, kontakt Frederic Bull-Tornøe. 
Frederic.bull-tornoe@etne.kommune.no 

Sjå vidare under for teikningar og planlagt situasjon. Endringar kan førekomme.

Teikningar for leilegheiter

Inngangspartiet på det kvite bygget - Klikk for stort bilde
Teikningar av Tusenfryd - Klikk for stort bilde
Teikningar av Tusenfryd - Klikk for stort bilde
Teikningar av Tusenfryd - Klikk for stort bilde
Teikningar av Tusenfryd - Klikk for stort bilde
Teikningar av Tusenfryd - Klikk for stort bilde

Tidslinje for oppgradering av Skånevik omsorgssenter

Oppstart

Teikningar av Tusenfryd - Klikk for stort bilde Frederic Bull-Tornøe
04.08.2026 14:54