Oppstart namnesak for nytt vegnamn, Tenndalen/Tendalen/Tendal - Høyring
Som fylgje av ynskje om vegnamn, Tendal, som bruk til adressering, har Språkrådet bede Kartverket om namnesak for gardsnamnet.
Kart over området Tenndalen/Tendalen/Tendal.Kartverket har vidare bede om lokal høyring jf.§ 8 i lov om stadnamn. Saka vert teken opp for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk.
Kommunen har til intensjon å tildele adresse til dei som får adressering frå aktuell veg med namn, Tendal. Namnesaka vil vise om Språkrådet/ Kartverket er samde.
Kommunen har ansvaret for å kunngjera at namnesaka er reist, t.d. med notis i ei lokalavis og på nettsidene.
Kommunen har òg ansvaret for å henta inn og samordna dei lokale høyringssvara før dei vert sendt Språkrådet. Dei som tidlegare har kome med svar i saka, treng ikkje svare opp på ny.
For at namnesaka skal kunne handsamast innan rimeleg tid med vidaresending av høyringssvara, ber me om innspel innan 15. november 2025.
Innspel sendast til:
Etne kommune
Utvikling
Sjoarvegen 20
5590 Etne
eller post@etne.kommune.no