Pårørandekonferansen 2025 – Samling på Skakkesenteret

Saman er me mindre åleine – dette var bodskapen som stod i sentrum då me samla oss på Skakkesenteret for å følgja den digitale Pårørandekonferansen 2025. 

Konferanse på skjerm, me ser bakhovudet på folk - Klikk for stort bilde
Deltakarar på pårørandekonferansen - Klikk for stort bilde

Konferansen, som er eit nasjonalt initiativ i regi av Pårørandesenteret, sette søkelys på korleis me kan styrka samhandlinga mellom pårørande og fagpersonar – og korleis me saman kan gjera belastninga mindre.

I Etne og Vindafjord kommune valde me å skapa ein lokal møteplass for konferansen, der pårørande og fagpersonar kunne samlast, sjå sendinga saman og delta i samtalar og refleksjonar i etterkant. Om lag 70 deltakarar møtte opp på Skakkesenteret, og det vart ei varm og meiningsfull samling der deltakarane fekk kjenna på fellesskap og støtte – og ikkje minst utveksla erfaringar med kvarandre.

Konferansen tok opp viktige tema som einsemd, pårøranderolla i arbeidslivet og barn som pårørande. Med sterke innslag frå både fagpersonar og kulturpersonar, som Else Kåss Furuseth og Kari Bremnes, vart det ei oppleving som rørte og inspirerte.

Me takkar alle som møtte opp og bidrog til å gjera denne dagen til noko meir enn berre ei digital sending – me gjorde det til ein lokal møteplass for omsorg, innsikt og fellesskap.