
Arrangementet er ope for alle tilsette i kommunen, nå har vi nokre ledige plassar og opnar difor for andre deltakarar.
Tid: Onsdag 23. september kl.09.45-14.30
Stad: Foajeen Etne omsorgssenter
Konferansen vert vist i foajeen på Etne omsorgssenter, der det er plass til om lag 50 personar. For at vi skal ha oversikt over deltakinga og sikre at det er nok mat til alle, ber vi om at dei som ikkje allereie har meldt seg på via Outlook-innkallinga, fyller ut Forms-skjemaet:
Påmelding til Pårørandekonferansen 2026 – Fyll ut skjemaet
Dette er tredje gong vi deltek på konferansen, og tilbakemeldingane frå tidlegare år har vore svært gode.
Lunsj
Det blir mogleg å kjøpe pastasalat til lunsj for kr 60. Tilsette i Etne kommune får lunsjen gratis.
Meir informasjon om arrangementet og programmet finn du her:
Pårørandekonferansen 2026 – Pårørendesenteret
Kontaktperson: Anne Håheim, tlf. 48 25 25 77
Med helsing
Koordinerande eining Anne Håheim, Elisabeth Lunde Særheim og Anita Staurland