Pårørandeskule i Etne og Vindafjord - Hausten 2025
Er du pårørande til ein person med demens? I haust inviterar Etne kommune og Vindafjord kommune til kurs. Påmeldinga er open til 26. september.

Samlingar hausten 2025
Stad: Skakkesenteret i Etne
Tid: Kl. 18.00-21.00
Datoar:
Onsdag 22. oktober
Onsdag 29. oktober
Onsdag 5. november
Onsdag 12. november
Kva er pårørandeskulen?
Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. Personen med demens kan bu i eigen bustad eller på institusjon.
Gjennom faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens, og du får treffa andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.
Tema for samlingane
- Demenssjukdommar og pårøranderolla
Ellen Johanne Svendsbø – pårørande, sjukepleiar og forskar på pårørandebelastning innan demens - Eigenomsorg
Valborg Marie Sinnes – sjukehusprest, Helse Fonna - Framtidsfullmakt
Føredragshaldar kjem - Kommunikasjon
For nærmare opplysningar og påmelding, kontakt:
Namn: Solveig Kvamme
Telefon: 902 38 354
e-post: frivillig.etne@gmail.com
Arrangørar
Etne- og Vindafjord kommune i samarbeid med Vindafjord demensforeining,
Skånevik Helselag og
Etne- og Vindafjord frivilligsentral