Pårørandeskule i Etne og Vindafjord – hausten 2026

Er du pårørande til ein person med demens? I haust inviterar Etne kommune og Vindafjord kommune til kurs. Påmeldinga opnar 10.august.

AdobeStock_20822639.jpeg - Klikk for stort bilde AdobeStock

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. Personen med demens kan bu i eigen bustad eller på institusjon.

Pårørandeskulen har som mål å gi kunnskap, støtte og verktøy til å meistre kvardagen.

Gjennom faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens, og du får treffa andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Kurset går over 4 samlingar frå kl.18.00 til 21.00.

Tid: 14.10. - 21.10. - 28.10. og 04.11.2026

Stad: Etne omsorgssenter, dagsenterstova

Kurset er gratis og ope for alle pårørande som ønskjer meir innsikt og støtte i møte med demenssjukdom.

 

Tema for samlingane er blant anna:

Demenssjukdommar

  • Pårøranderolla
  • Kommunikasjon
  • Tenestetilboda i kommunane
  • Meir kjem

Påmelding og kontakt:

Påmeldingsfrist: 28. september 2026


Velkomen til lærerike og støttande samlingar!