Pasientreiseavtale på plass frå 1. juni

Helse Fonna har no fått på plass ny avtale for pasienttransport i Etne. Avtalen gjeld transport av pasientar som har behov for tilrettelagde reiser til og frå behandling.

Avtalen inneber ein bil med plass til fire passasjerar. Bilen kan komme innanfor responstid på 45 minutt ved bestillingar same dag.

For dei som treng rullestolbil, vil også det i dei fleste tilfelle vere tilgjengeleg, sjølv om dette er ikkje er ein del av avtalen.

– Vi er veldig glade for å ha anbod på plass, seier funksjonsleder for pasientreiser, Marie Helen Hetland Kastrati.

Sjå utfyllande informasjon hos Helse Fonna

Logo Helse Fonna - Klikk for stort bilde