PÅSKEQUIZ – vinn påskeegg!

Bli med på påskekonkurranse og ver med i trekninga av 2 påskeegg fylt med spel, brannteppe og godteri 🎁

Halvt påskeegg med snop i - Klikk for stort bilde

Svar på spørsmåla under:

  1. Kva heiter heile Noregs brannbamse? 
  2. Kva kan starte ein brann heime? 
  3. Kva tid er røykvarslarens dag? 
  4. Sant eller usant: Det er trygt å gjøyme seg under senga ved brann 

🐣 Påsketips:
Sjekk røykvarslaren før du reiser, og ikkje lad mobil og utstyr om natta – små grep gir ei trygg og god påske 🔔🔋🔥

✍️ Slik deltek du:
Skriv namn og telefonnummer på svararket ditt.

Skånevik:
Stikk innom Larsen Bakeri, ta deg ein kopp kaffi og ei bolle, og lever svararket der ☕

Etne:
Ta påskehandelen på Coop Extra Etne og få med deg eit quizark 🛒
👉 Svarlappen må leggast i postkassa ved brannstasjonen i Etne.

🎉 Premie:
2 heldige vinnarar får kvart sitt påskeegg!

Med ynskje om ei god og trygg påske 🐣🚒