Pengedryss frå Fond kraftkontrakten
Fond kraftkontrakten er eit kommunalt gåvefond og blei oppretta som del av ein avtale mellom Etne kommune og tidlegare Etne elektrisitetslag.
50% av inntekta frå ein konsesjonskraftavtale knytt til anlegga i Litledalen blir tilført fondet kvar år, og disponert til ålmennyttige formål i tråd med vedtektene for fondet.
Ei av dei kjekkaste sakene Formannskapet har i løpet av året, er å fordela tilskot frå Fond kraftkontrakten. I år kunne me dela ut heile 1,5 millionar til flotte allmennyttige tiltak i gamle Etne kommune i tråd med vedtektene for fondet. Lykke til med prosjekta både de som er heldige mottakarar av pengar frå fondet og de som ikkje nådde opp i årets tildelingsrunde.
Publisert 16.10.2025 15:15
Sist endret 16.10.2025 15:15