Pleie og omsorg: Planlagt IT-omlegging med nedetid 3. februar
Fredag 30. januar startar kommunen omlegginga av IT-drifta til IKT Nordhordland. Dette er ein større og teknisk omfattande operasjon som vil gå over fleire dagar.
AdobeStock
I periodar under omlegginga vil både brukardata og enkelte fag- og støttesystem vere utilgjengelege. For pleie og omsorg er det tysdag 03.02.26 som blir påverka av planlagde nedetider.
Det er viktig å understreke at telefonar, tryggleiksalarmar og andre kritiske tryggleiksløysingar hjå heimebuande ikkje vil bli råka av arbeidet.
Me vil sørgja for nødvendige alternative rutinar der det trengst, og tenestene skal vere fullt ut trygge for brukarar og pårørande gjennom heile perioden.
Med vennleg helsing
Eva Jemli, einingsleiar pleie og omsorg
Publisert 28.01.2026 12:33
Sist endret 28.01.2026 12:33